Igjen sa han til dei: «Fred vere med dykk! Som Far har sendt meg, sender eg dykk.». Med desse orda anda han på dei og sa: «Ta imot Den heilage ande!
Slik står det i evangeliet etter Johannes 20, 21-22, og Jesus førebur her disiplane på at Den heilage ande skal koma i pinsa. Så , i Apostelgjerningane (kap. 2) får vi høyre om kva som hende då Anden kom dit disiplane var samla.
«Brått lét det frå himmelen som når ein sterk vind blæs, og lyden fylte heile huset dei sat i. Tunger, liksom av eld, synte seg for dei, skilde seg og sette seg på kvar og ein av dei. Då vart dei alle fylte av Den heilage ande og tok til å tala på andre språk etter som Anden gav dei å forkynna».
Dette er dramatiske forteljingar , og det er ikkje heilt enkelt å forstå kva det er Den heilage ande er og gjer.
Noko som held og ber
På mange måtar er det kanskje salmediktarane som best har klart å visualisere den heilage ande for oss, slik som i den folkekjære salmen «Måne og sol» vers 3;
«Ånden, vår trøst, levende varm og hellig og sterk, taler om Gud, bærer oss frem dag etter dag. Herren vår Gud vil vi takke»
Dette verset kjenner eg gir styrke og trøyst inn i den tida vi har no.
At Guds ord er noko levande, noko som held og ber (kan bera) oss gjennom alle dagar er ein bodskap som ikkje kan seiast for ofte. Den heilage ande knyter oss saman - på tvers av landegrenser, generasjonar og livssituasjon. Anden er levande og varm, heilag og sterk.
Dagane vi opplever no er rare, med mange heilagdagtradisjonar som må endrast. Men pinsa sin bodskap er framleis den same. Jesus let ikke menneska vera aleine, sjøl etter sin himmelfart. Nei, evangeliet er framleis verksamt, og Gud er oss nær oss, midt i det vi opplever å stå i. Kvar einaste dag, til alle tider.
Eg ønsker alle saman ei god pinse!
Solveig Fiske
Hamar biskop